Pride
Regnbogelogo under pride? Dette må du tenke på
Det er Pride og Pride month, og snart renn det over av regnbogelogoar på sosiale medium. I lhbt+ miljøet er mange kritiske til firma med regnbogelogo den eine månaden i året. Ein vil jo berre vere med på å feire kjærleiken, vil ein ikkje?
Aleksander Nygård Tonheim, Arjun Amrik Singh Ahluwalia

June 2, 2022
4 min
Pride er ein fest for å feire kjærleiken og milepælane som er nådde, og samtidig sette søkelyset på rettane til lhbt+ miljøet. Heilt sidan den første Pride-markeringa ved Stonewall-opprøret, har Pride vore symbolet på opprøret mot politi og fiendtlege grupper. Stadig fleire kommersielle aktørar deltek på Pride, men korleis kan desse aktørane og merkevarene bidra til samfunnsdebatten?
Du sitt kanskje i marknadsavdelinga til ei bedrift og ønsker å markere Pride ved å endre fargane på bedriftslogoen for å vise støtte. Dette verkar nok som både som ein fin gest og som det rette å gjere, men før du gjer dette, må du sjekke opp i følgande: Kva har bedrifta gjort før og kva blir gjort i dag for å sikre inkludering og mangfald innad i bedrifta?
Eit inkluderande og mangfaldig arbeidsliv er ein viktig kampsak i Pride. Om bedrifta di ikkje driv målretta arbeid med dette, kan ein risikere at den elles så fine regnbogelogen ser ut som eit reint PR-stunt, eller som om ein prøver å profittere på lhbt+ miljøet. Ein kan risikere å drive pinkwashing, eller rosavasking.
Dette er pinkwashing
Dersom ein brukar eller profitterer på ein minoritet, og ikkje gir noko tilbake for å utbetre situasjonen til minoriteten, kan ein kalle det pinkwashing.
Pinkwashing har eit historisk bakteppe og er eit relativt nytt omgrep. Pinkwashing stammar mellom anna frå Rosa sløyfe-aksjonen, ein aksjon som støttar forsking på brystkreft. Historisk har veldig mange produkt fått rosa drakt under aksjonen for å vise støtte, men korleis støttar desse produkta eigentleg kampen mot brystkreft?
Omgrepet pinkwashing har mellom anna blitt brukt om staten Israel, som lenge har utgitt seg for å vere eit paradis for skeive, men som aktivt forfølger andre minoritetar og skeive i Palestina.
Merkevaras engasjement i samfunnsdebatten
Når ei merkevare tar stilling til ei sak i samfunnsdebatten, blir dette kalla for Brand-Standing. Dette kan til dømes vere saker knytt til rasisme, lhbt+ rettar, sexisme, og liknande.
Som forbrukar får ein ofte ein emosjonell tilknyting til ei eller fleire merkevarer, som igjen skapar ei forventing til at merkevarene responderer og engasjerer seg i samfunnsdebatten, slik at ein får ein tydeleg alliert og talerøyr for saka. Dette kan virke positivt og negativt.
Det kunne virka negativt om til dømes Frelsesarmeen hadde brukt regnbogelogo for å vise støtte til lhbt+ miljøet. Basert på det ein veit og kan lese om Frelsesarmeen og deira offisielle stilling til likekjønna ekteskap, hadde det vore eit tydeleg døme på ei tom handling eller ein "trend", utan noko anna form for støtte.
Eit godt døme på positiv Brand-Standing er Nike, som har løfta fram og støtta ulike minoritetar, knytt til kjønn, etnisitet og hudfarge. Dette er noko dei arbeider med aktivt, sjølv då det var upopulært.
Brand-Standing er difor noko ein verken skal ta for gitt eller misbruke.
Med pinkwashing friskt i minne er det viktig å vere oppriktig og transparent når ein viser støtte til samfunnssaker, som til dømes Pride. Ein bør reflektere over og kunne svare tydeleg på spørsmål som:
- Kvifor støtter du saka?
- Kva tilknyting har dette til din merkevare eller firma?
- Kven tener på å få støtte av deg i denne saka?
- Korleis støtter du saka?
- Er det ein del av firmaets/organisasjonens kultur?
Dersom ein ikkje kan svare klårt og tydeleg på dette, men likevel vel å markere Pride, risikerer merkevara å framstå som tonedøv. Eit døme på dette er Pepsireklamen med Kendall Jenner under BLM protestane.
Er det ikkje bra å få fokus på skeives rettar?
Dersom ein ønsker å markere Pride og Pride month ved å skifte farge på logoen, så bør ein vise at bedrifta aktivt jobbar med mangfald og inkludering i organisasjonen.
Ein måte å bidra på kan vere er å gi økonomisk støtte til mellom anna Foreningen FRI eller andre organisasjonar som arbeider med skeives rettar, gjerne mot arbeid knytt til barn og ungdom.
Arbeider ein ikkje målretta med inkludering og mangfald, bør ein heller ikkje endre farge på logoen. Er du usikker på kva ein kan gjere for å markere Pride og Pride month? Kontakt dei som står nærast problemstillinga du vil flagge støtte for. Du kan til dømes kontakte Foreningen FRI om spørsmål om Pride, PKI om spørsmål knytt til transpride og transflagget, Skeiv verden om spørsmål knytt lhbt+ personar med minoritetsbakgrunn, eller andre skeive organisasjonar du kjenner til. Ei liste over FRI sine samarbeidspartnarar kan du finne her.
Relevante lenker for å lære meir
- Kiwi har nyleg gjennomgått kompetanseheving med Rosa kompetanse og viser at dei arbeider med mangfald og inkludering
- Les meir om Rosa kompetanse og kva kurs dei tilbyr
- Høyskolen Kristiania meiner at virksomheter bør ta eit tydeleg standpunkt når dei smykker seg med minorotetsbevegelsers symboler
- Oslo Pride advarer mot rosavasking, og har blant anna partnarskap med bedrifter for å sikre mangfoldsarbeid gjennom heile året
- FRI meiner bedrifter må gjere alvor av pride-verdiane - ikkje berre slenge på ein regnbuelogo for å følge ein “trend”
- Shan Faye forklarer pinkwashing og viser til ulike problemstillingar innan pride og kapitalisme
Lead/Senior/Junior UX/UI/Service Designer(s)
Easee • Oslo, Stavanger
Want to take part in shaping the future of electricity, put your working hours into enabling a greener future and changing business culture forever? If so, maybe you should join us at Easee!
UX/UI Designer
NoA Ignite • Oslo
NoA Ignite er det største selskapet i The North Alliance — en progressiv byråfamilie med flere av de fremste strategi-, design-, teknologi- og kommunikasjonsselskapene i Norden.
Senior Designer
NoA Ignite • Oslo
Vi ser etter en senior designer som har lyst til å ta helhetlig eierskap til designleveranser i spennende oppdrag for våre kunder.
Interaksjonsdesigner
NoA Ignite • Oslo
Er du en interaksjonsdesigner som gjerne jobber datadrevet og er opptatt av å skape gode, lønnsomme tjenester gjennom å dekke reelle brukerbehov?
Senior Designer til produktteam
Storebrand • Stavanger
Kom og jobb i våre autonome, tverrfaglige produktteam med å lage innovative løsninger for over 1 million kunder.
Designer med ansvar for designsystemet til Strim
Strim • Oslo
Vil du være med å lage Norges beste strømmetjeneste?
Designer til Strim
Strim • Oslo
Vil du være med å lage Norges beste strømmetjeneste?